fredag 29. desember 2017

Drage

Dagane går alt for fort, og eg rekk ikkje halvparten av det eg ynskjer.  Tidleg i desember fekk eg tilsendt ein dise og ei lita fin blokk frå Scrapomania.

Etter få dagar viste eg godt korleis eg ville lage det, men så vart eg oppslukt av adventstida. Og prioriteringa måtte være knallharde.  Og opp i det heile kom ei veninne og lurte på om eg kunne ordne litt papirgaver, før jul.  Tidsbudsjettet jekk på ein real smell, og det burde eg egentleg vite, for det gjer det kvart år i desember.

Men det er då eg kom på den geniale ideen, ja men  i romjula har eg tid, masser av tid. Hm, det var før det gjekk opp for meg at eg har familie og vener, og at i jula er disse sosiale. Missforstå meg rett, eg set uendeleg mykje pris på besøk både av familie og vener. Men eg ser at mitt eige tidsbudjett går på smell etter smell.

Så detter er ein "not to self". Ikkje legg planar for desember, og ikkje ta på deg ting som burde vore ferdig innann jul. Eg trøstar meg med at vi er mange i same båt.

Det kjem fleire prosjekt med denne disen, men den eg vil vise fram i dag er eit enkelt kort.

Blokka gav meg nokre utfordringar, for der er berre eit ark av kvar sort.  I kortet eg viser fram, trengte eg ikkje meir. Eg har delt arket slik at det både er på innsida og framsida.  Kortet er 4*6 tommar.

Disen eg har brukt er frå Joy Crafts heter Vintage Fourishes Kite, den var berre supersøt.
Blokka er frå Moda Scrap, og heter My Little Boy, Den inneholdt mange fine ark.




Det kjem meir med denne disen etter kvart. Og før nytt år!

Klem Anita








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar