lørdag 19. mars 2016

Lysthus frå Scrapomania

I februar fekk eg ei flott gåve i posten, det var prosjekt kittet til Scrapomania.  Det var rosa, det var blomster og perler, det var rett og slett fantastisk fint. Grunnen til at eg var så heldig er at eg er ei av Scrappejentene hos Papirlosjen , kan ikkje bli stort bedre en det :)

No har eg ei prinsesse i huset som fyller år i morgon, heile 10 år for å vere eksakt, og ho er heldigvis ikkje heilt ferdig med rosa, blomster og perler.

Det fylde ein mal med prosjektet, eg tykte den var litt stor så eg har laga ein litt mindre versjon, og så har eg brukt sugerør til stolpar i staden for ark.

Korleis det skal lagast finn du på bloggen til scrapomania, det er verkeleg vert å ta turen innom der.

@@@@

Slik såg kittet ut, og eg har mange ark igjen, så det kjem straks eit ras med kort laga av dei arka.





For å vere sikker på at sugerøra skulle vere stabile, brukte eg store mengder lim frå limpistol.

 Eg laga eit lite kort som skal stå inne i huset, slik at eg får skrive nokre få ord til prinsessa.

Slik vil det stå på gavebordet i morgon tidleg.

Håpar du likte det du såg, Scrapomania har fleire ulike kitt å velge mellom, så eg anbefalar verkeleg å kikke innom butikken deira.

2 kommentarer:

  1. Så vakkert! 1000 Takk for inspirasjon!
    Ønsker deg en flott påske! Klem <3

    SvarSlett