onsdag 7. juni 2017

Legends of the sea del 2

Då er eg endeleg klar til å vise dei 2 siste korta eg laga med kortkittet frå Scrapomania

Eg legg ved bilde av det første kortet også, for å vise kor mykje du får ut av eit kort kitt.  Og eg har 2 ark, og ein neve pynt igjen.

Den pynten eg har lyst å trekke fram, er eit band av hamp. Det kunne eg trekke og dra i, på same måte som osteduk, og kan difor lage flotte underlag til blomar, eller noko som likna på fiskegarn.

3 kort, og ark nokk til eit til, er ein super start om du vil begynne med kortlaging. Eller berre trenger inspirasjon til å komme igang igjen.  Kort kitt finn du her: Scrapomania.



 Eg begynte med det andre kortet, dette er laga med ark-restane etter det. 
 Her ser du hampen under dei nederste blomane, og noke av den klipte eg i stykker og stakk nedi øverst.

 Tutorialen til dette kortet finn du her: Twist pop up card, by Maymay.

 Baksida

Her er det første kortet eg laga. 
Dette er standard 15*15 kort, pynta på alle sider.  Informasjon om kortet og fleire bilder finn du her: Legends of the sea

Eg gløymde å ta bilete før eg starta, men her er det som var igjen etter at første kort var laga. 


Klem Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar