I dag kom den, pakken eg har venta på, eg hadde fått sporings-nummeret så eg kunne hente den tideleg, og no er 2 av 3 kort ferdige. Det siste ligg ferdig skore på bordet mitt, men er ikkje pynta. Og det er litt ark og litt pynt igjen.
Kva pakke det var? Det var
Juni kortkittet frå
Scrapomania, og denne gangen var det et "herre"- kitt. Pakken er ein del av sponsormidlane vi i Papirlosjen får, så innlegget i dag er for
Papirlosjen.no og
Scrapomania.no.
Arka bestod hovedsakleg av Pion i serien Mister Toms's Treasures og litt Bazzill. Pynten var noke fra Tim Holts og nokre blomar frå Wild Orchid Craft, + ein bit bølgekartong/ark.
Eg har kikka litt på bloggen til
Yasmin i dag. Og fant der ei oppskrift på eit kort eg berre måtte prøve. Det første kortet er laga etter hennar mal. Mal på kortet, og framgangsmåte finn du i
hennar blogg.
Den kvite blomen og kraftkartongen var ikkje med i kittet, resten fylgde med der. Teksten er skriven ut på pc.
Det siste kortet som er ferdig er etter standardmål 6*6 Her er det kun dei grøne blada og litt bling som ikkje var med i kittet.
Klem Anita