Sider

tirsdag 21. august 2018

August Kortkitt

Scrapomania sine kortkitt er veldig kjekke, spesielt om du har litt scrappetørke, og ikkje heilt veit kva du vil.

Eg likar å bli utfordra, og denne gangen vart eg det skikkelig. Eg har mange stilar på korta mine, men sart, romantisk med rosebilde, er ikkje ein av dei.

Det var med eit ark med motiv, og eg tok utgangspunkt i det, når eg skulle bestemme kva eg ville lage.

Her er utgangspunktet mitt:


Og her er resultatet, som du ser har eg fremdeles ark igjen.


 Sidan det var så mange fine bilder med, syntes eg at et pop up kort var ein fin veg å gå.


På dette kortet begynte eg med skrivefeltet inn, for det tykte eg var så flott.





Og så skulle eg lage ein shaker del. Eg fant ut at å lage den som eit lokk til ein boks ville passe. Men så hadde eg brukt opp for mykje av det lilla arket, så lokket er i ein annan farge.

Men eg tenker at dette kan eg fikse med litt måling om eg vil, fargen passer, men ikkje så godt som eg skulle ønske.





Eg har ikkje brukt anna pynt en det som var med i kort-kitet, så det eg trengte utanom var saks, lim og skjerebrett. 

Har du lyst å prøve eit kort kit frå Scrapomania, så finn du dei HER.
Klem Anita




1 kommentar: